Omtale i matmagasinet Nord
Vi synest det er kjekt at vår store satsing på lokal mat har blitt lagt merke til.
Gode tilbakemeldingar og fornøgde gjester er det viktigaste, men det er og hyggeleg å få så stor omtale som Gloppen hotell og Sandane får i siste utgåve av Matmagasinet Nord.
Her finn du og spennande lesning om nokre av våre leverandørar. Og som seg hør og bør eit matmagasin har dei med oppskrifter bl.a. på marinert Gloppenhjort og Helstekt kjelår....hmmmm.
Last ned artikkel frå Matmagasinet Nord.
23.06.2009