Eige produksjonskjøkken
Kjøkkensjef Bodil Fjellestad og hotelleigar Dag Moen har gått saman om å opne eit eige produksjonskjøkken like ved sida av Gloppen Hotell. Nysatsinga har fått namnet Fjordameny as, og dei nye lokala er no tekne i bruk.
Dei nye lokala er bygd i tilknyting til ein personalbustad, og er ført opp på hotellet sin eigedom.
– Vi tok imot dei første slakta dyra onsdag, og starta produksjonen på torsdag. Dei første dyra vi fekk inn var økologiske lam frå Kandalen, samt nokre lam frå Fjellbygda, fortel Bodil Fjellestad, og legg til at fleire grisar frå Fjellbygda også er komne på kjølen.
– Fire angusoksar frå Rauset er også venta. Vi har nemleg fått avtale med mange lokale produsentar, smiler kjøkkensjefen, og legg til at all mat skal ha ei adresse.
– Gjestene på hotellet skal kunne finne dette att på menyen, påpeikar ho.
31.03.2009